Fjord´n Senter
Sidan 1989 har Fjord’n senter vore eit senter for handel og service i Eikelandsosen. Her finn du det meste av det du treng frå apotekarvarer til måling.
Fjord´n Senter – Meir enn du trur
Fjord’n senter er eit naturleg handelssenter for Fusa og for dei nærmaste bygdene i nabokommunane. Me legg vekt på at senteret skal vera både ein triveleg stad å handla og ein sosial møtestad.
Finner du ikkje ei gåve du vil gje bort, kan du få Fjorden Senter sitt gåvekort i alle Fjord´n senter sine butikkar. Dette fyller du enkelt opp med appen iGive Gavekort. Ved å gje eit gåvekort til en du er glad i, kan vedkommande kjøpa akkurat det som passar seg. Hos Fargerike Hjelle i fyste høgda, får du også kjøpt gåvekort som kan brukast i alle butikkane i Fjord’n senter.
Uteområdet rundt Fjord’n senter er kjempefint, med benkar, plenar og moglegheit til å koma inn med båt når ein skal handla! På sørsida av senteret ligg kommunetunet, med m.a. Fusa folkebibliotek.