Topp 5 i Loen

Gåvekort frå vakre Loen

Ynskjer du å glede nokon som set pris på vakre omgjevnader og spanande opplevingar? Gje bort eit gåvekort med overnatting på Hotel Alexandra eller spanande aktivitetar i vakre Loen.

Førsteklasses opplevingar i spektakulær natur

Kjøper du eit gåvekort her kan det brukast på fleire bedrifter i Loen – Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant, Loen Active and Loen Play.

Hotel Alexandra er eit tradisjonsrikt, familiedrive hotell som ligg i Loen i Stryn i Indre Nordfjord. Hit går det ekspressbussar dagleg frå Oslo, Trondheim og Bergen, eller du kan reise med båt eller eigen bil. Hotellet har moderne fasilitetar, blant anna eit stort spaanlegg, treningssenter, aktivitetsavdeling, fleire restaurantar, kaféar og salongar. Stor møte– og konferanseavdeling med eigen kursvert.

Rett ved Hotel Alexandra finn du spektakulære Loen Skylift, som tek deg frå fjordnivå til 1011 m.o.h. på berre 5 minutt. Her kan du nyte ei utruleg utsikt over fjordlandskapet, gå fjellturar og nyte gode måltid i Hoven Restaurant – heilt på kanten av fjellet. Loen Active tilbyr mange aktivitetar, og tek deg for eksempel med på spanande klatring i Via Ferrata Loen, Zip-line høgt til fjells, og kajakkpadling på fjorden. På vinterstid kan du bli med på aking og trugeturar. Loen Play tilbyr aktivitetar for alle born. I første etasje finn du aktivitetshuset for dei frå 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste, og i kjellaren er det aktivitetar for dei litt eldre borna.

Loen er den perfekte staden for gode opplevingar for alle nivå og ynskjer, og eit ideelt utgangspunkt for å oppleve meir av regionen – heile året. I vakre Loen og Stryn er mulighetene uendelige.

Har du fått et digitalt gavekort fra Topp 5 i Loen?

Last ned Mine Gavekort appen til din mobil!

  • Alltid oppdatert saldo - lett tilgjengelig
  • Alltid gavekortet med deg når du skulle trenge det
  • Få en påminnelse når det nærmer seg utløpsdato