Hotel Alexandra
Ønskjer du å glede nokon som set pris på vakre omgjevnader og spennande opplevingar? Gje bort eit gåvekort på eit opplevelsesrikt opphald på Hotel Alexandra i Loen.
Kjøper du eit gåvekort her, kan det nyttast på fleire bedrifter i Loen – Hotel Alexandra,
Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active.
Tradisjonsrikt hotell i vakre omgjevnader
Hotel Alexandra er eit tradisjonsrikt, familiedrive hotell som ligg i Loen i Stryn i Indre Nordfjord. Hit går det ekspressbussar dagleg frå Oslo, Trondheim og Bergen, eller ein kan reise med båt eller eigen bil. Hotellet har moderne fasilitetar, blant anna eit stort spaanlegg, treningssenter, aktivitetsavdeling, fleire restaurantar, kafear og salongar. Stor møteromsavdeling med eigen kursvert.
Med si perfekte plassering byr Hotel Alexandra på eit breitt spekter av utendørsaktivitetar.
Nyt utruleg utsikt frå Loen Skylift (frå fjorden til 1011 m.o.h. på 5 minutt) eller panoramautsikt frå Hoven Restaurant. Prøv spennande klatring i Via Ferrata Loen, eller kjenn magesuget i dei to Zip-linene over Gjølmunna.
Prøv turstiane, skiløypene eller akebakkane på Hoven. Bli med på brevandring, besøk Jostedalsbreen Nasjonalpark eller stå på ski både på vinter- og sommartid. I vakre Loen og Stryn er moglegheitene uendelege.
Hotel Alexandra
Hotel Loenfjord
Loen Skylift
Hoven Restaurant
Loen Active