Suldalskortet
Suldalskortet kan brukast på mange ulike stadar i Suldal, på alt frå opplevingar og nisjebutikkar til eit avslappande opphald ved ein av våre flotte overnattingsstader.
Lokal handel og kvalitet
Er du på jakt etter ei gåve til eit familiemedlem eller ein ven som har alt? Med eit gåvekort som kan brukast i heile Suldal kan du la mottakar velje akkurat det de har lyst på. Dette er ei hyggjeleg gåve som lar mottakar oppleva Suldal, samtidig som de støttar opp under lokalt næringsliv.
Treng du ei gåve til ein hyttenabo, ein fastbuande i Suldal eller til nokon som du ønskjer seg ein tur til Suldal er dette gåvekortet du er på jakt etter. Med Suldalskortet kan mottakar fritt velje mellom ei rekke flotte opplevingar i Skattkammeret Suldal frå lokale matopplevingar og hotellopphald til spanande aktivitetar og arrangement for born og vaksne i alle aldrar. Ein kan også bruke kortet på leiker til den minste, klede til ny sesong, utstyr ein treng til turen eller fornying heime.