

Voldakortet
Vanskeleg å finne den perfekte gåva? Med Voldakortet kan mottakaren sjølv kjøpe akkurat det ein ønsker seg. Enkelt å få – enkelt å gi!
Lokalt gåvekort med kjende merkevarer
Voldakortet er eit lokalt gåvekort du kan nytte i heile Volda – både i sentrum og Furene. Voldakortet kan brukast i eit breitt utval av kjente butikkar, frå Sport 1 og Cubus til Jernia og Interoptik og fleire. I tillegg kan du bruke kortet på skisenter, treningssenter, kino, konsertar og serveringsstadar. Voldakortet passer for dei fleste sine interesser og dei fleste merkedagar, og er like fint å gi til ein nyinnflytta student som til ei sporty mamma som ønsker seg nytt treningstøy.
Eit gåvekort er alltid hyggeleg å få i gåve! Er du på jakt etter ei julegåve til onkel eller ei bursdagsgåve til mamma? Med variert utval vil alle finne noko ein likar med Voldakortet.
Ein treng ikkje å reise langt for å finne den perfekte gåva! Kva med å gje Voldakortet til pappa i farsdagsgåve og planlegge ein tur til Naustet Grill eller Hi Sushi, og så eit par kjekke timar på Volda Filmteater? Eit gåvekort som kan brukast i heile Volda gjer det enkelt for mottakaren!
Husk Voldakortet til jul, bryllaup, morsdag, farsdag, konfirmasjon og bursdag. Kanskje har du ein medarbeidar på jobb som fortener ei påskjøning?