Voldakortet

Vanskeleg å finne den perfekte gåva? Med Voldakortet kan mottakaren sjølv kjøpe akkurat det ein ønsker seg. Enkelt å få – enkelt å gi!

Lokalt gåvekort med kjende merkevarer

Voldakortet er eit lokalt gåvekort du kan nytte i heile Volda – både i sentrum og Furene. Voldakortet kan brukast i eit breitt utval av kjente butikkar, frå Intersport og Cubus til Jernia og Interoptik og fleire. I tillegg kan du bruke kortet på skisenter, treningssenter, kino, konsertar og serveringsstadar. Voldakortet passer for dei fleste sine interesser og dei fleste merkedagar, og er like fint å gi til ein nyinnflytta student som til ei sporty mamma som ønsker seg nytt treningstøy.

Gåvekort du kan nytte i heile Volda!

Gåva for alle i Volda

Eit gåvekort er alltid hyggeleg å få i gåve! Er du på jakt etter ei julegåve til onkel eller ei bursdagsgåve til mamma? Med variert utval vil alle finne noko ein likar med Voldakortet.
Ein treng ikkje å reise langt for å finne den perfekte gåva! Kva med å gje Voldakortet til pappa i farsdagsgåve og planlegge ein tur til Naustet Grill eller My Kitchen, og så eit par kjekke timar på Volda Filmteater? Eit gåvekort som kan brukast i heile Volda gjer det enkelt for mottakaren!

Husk Voldakortet til jul, bryllaup, morsdag, farsdag, konfirmasjon og bursdag. Kanskje har du ein medarbeidar på jobb som fortener ei påskjøning?

Oversikteleg og enkelt gavekort

Du kan enkelt legge gåvekortet ditt inn i vår smarte mobilapp “iGive Gavekort”. Appen minner deg på utløpsdato på gåvekortet og du kan enkelt sjekke kor mykje som er igjen på kortet.

Med “iGive Gavekort” har du alltid dine gåvekort med deg – enklare blir det ikkje!

Voldakortet kan kjøpast over disk hos Intersport.

iGive Support

21525204

support@igive.no